Feriemodus…

I går var vi og prøvde oss på krabbefiske..ikkje fekk vi nåkken, og ikkje såg vi nåkken! -men stemningen var god, og ungane fekk prøvesitta oldemor & oldefar sin båt (vel og merke va den fortøyd heile veien, men stas va det uansett…).

…til å begynne med trudde A&A at nabohyttas kajakk va oldefars båt.. 😉

Og idag har vi kost oss i Dyreparken, Kardemomme by, og hos fam. Vingen 🙂
Les meir

omtenksom, kjærlig, omsorgsfull…

Slik var farmor mi!
Nysteikte karbonadekaker, alltid eit smil, varm sjokolade, ein god klem, fotbading i vasken, ei kake på lur…
Hjå farmor & farfar har det alltid vore slik…

Ei farmor med nyvaska klede ved si side på altanen – klar til å henge dei opp til tørking…
Ei farmor med rumpa i vêret, og ugrasluking i blomebedet…
Ei farmor med roser i kinn, og alltid ein god klem…
Ei farmor som elska å lage mat – til alle som var innom…
Ei farmor med fotoapparatet i neven – klar til å fange eit godt motiv…
Ei farmor med andaktsboka & Bibelen på bordet medan ho sjølv ligg med falda hender på sofaen…

Sjå for ei fin farmor!

I kveld flytta verdens beste farmor heim til Jesus!
Ho har stridd den gode stiden, fullført løpet og og halde fast på trua (2.Tim.4:7)!
No er ho hjå Jesus – Han som gav sitt liv for ho, og for oss… 

Med Jesus vil eg fara 
På livsens ferd i lag.
Gud, lat den samferd vara
Alt til min døyand dag!
Det er mi høgste æra,
Det er mi største ros
Hans fylgjesvein å vera
Og vandra i hans ljos.

Du til di grein meg sette
Alt i min fyrste vår,
Med livsens dogg meg vætte,
Gav sol og signa år.
Du vil og vokster giva
Alt til min siste slutt:
Lat meg i deg få liva,
I deg få anda ut!